
Koroshi no rakuin
Også kjent som Branded to Kill. Ein veldig rar japansk film, som ikkje gav så mykje meining. Anna enn at det handla om den tredje beste leigemordaren i Japan, som innan organisert kriminalitet drep ein haug med folk. Filmen er noko av det meir spesielle eg har sett innan forteljarteknikk og klipping i det siste. Her var alt unødvendig, og kanskje meir, tatt vekk til fordel for uforståelege scener med uforståelege samtalar.
Filmen var likevel ikkje dårleg på nokon måte, det heile var akkurat passe sprøtt til at det var interessant. Hanada Goro (Jo Shishido), hovudpersonen her ser ut som ein japansk versjon av Dustin Hoffman, og har ein ting for lukta av kokande ris. Han er elles også ein vanskeleg person å forstå.
Bob Turnbull på Toronto J-Film Pow-Wow (jfilmpowwow.blogspot.com) foreslår å gi seg over til bileta i staden for å krevje ei rett linje gjennom historia. Han meiner også dei merkelege persondraga fortel oss noko, framfor berre å vere tilfeldige påfunn. Det gir ein interessant inngang til rislukta og dei underlege samtalane. Eg får framleis ikkje alt til å henge saman, men nettopp avvika frå det vanlege er med på å halde interessa oppe.
