Hopp til hovedinnhold
Plakat for Koto no Ha no Niwa (2013)

Koto no Ha no Niwa

Film
3

Koto no Ha no Niwa, engelsk tittel The Garden of Words, fortel historia om den 15 år gamle Takao som skulkar første time på skulen for å teikne sko i ein park, når det regnar.

I parken møter han Yukari, ei kvinne som er litt eldre enn han. Og som har eit mystisk preg. Begge søker tilflukt frå noko der, og byrjar å prate saman.

Filmen er relativt kort, med ein speletid på 45 minutt. Det er nok til denne historia. Ho går akkurat passe djupt. Mykje av filmen er òg framsyning av fine bilde og roleg musikk.

Koto no Ha no Niwa er vakker, men eg når eg først byrja å bli kjent med karakterane så skulle eg gjerne ha fått meir. Ikkje i form av ein lenger film, men kanskje at det hadde skjedd litt før og blitt tid til å fortelje vidare.

Det korte formatet kan òg sjåast som ein styrke. Skribenten på Canne’s anime review blog (canime.wordpress.com) meiner filmen gir akkurat nok til å forstå personane, og lar fantasien fylle resten. Omtalen legg vekt på den avgrensa tida dei har saman, framfor kvar livet tek dei vidare. Eg sakna framleis litt meir når eg først blei kjent med dei, men denne lesinga gir meining til det filmen vel å halde tilbake.