Koyaanisqatsi - Filmdagbok

Koyaanisqatsi 1982

Visuelt slåande bilde med musikk komponert av Philip Glass gjer Koyaanisqatsi meir til ein lang musikkvideo enn nokon dokumentar, eller fleire samanhengande musikkvideoar. Ei stund er det imponerande, før eg mister interessa, i løpet av dei 90 minuttane filmen varer blir eg vitne til gjennomtenkt fotoarbeid utan klar substans.

Utan kommentarstemme eller plakatar kviler det heile på sjåaren som vitne. Temaet som knyt dette saman er definert i filmen sin undertittel, Life out of balance, og dokumentaren kan også kategoriserast som eit dokumentarfilmessay av det meir poetiske slaget.

Forventingane mine til denne visuelle filmbiten var akkurat passe høge, når eg lenge har gått med tankar om å sjå han, men aldri fått gjort det. Kanskje tidspunktet ikkje var det beste, etter fem timar på forelesing blei eg trøyttare og meir umotivert utover filmen enn godt er, så det heile enda opp som ei anstrengande oppleving.