Kramer vs. Kramer kom i 1979, vann fem Oscar-prisar, og er i følge Leonard Maltin ein intelligent, utruleg velutført, intens og rørande film. No skal det seiast at når eg såg namnet til Leonard Maltin på filmomslaget var det første gang eg høyrte om han. Og Oscar-prisar er ikkje alltid så dekkande for innhaldet.
Eg vil ikkje sei at Kramer vs. Kramer tar skade av at han nærmar seg 30 år. På mange måtar kunne han ha vore laga i dag. Men i Leonard Maltin sine ord finn eg ingen kopling til filmen. Kramer vs. Kramer trakkar skeivt og balanserer mellom feiling og engasjement.
Filmen er slapp, forholda mellom karakterane gir ikkje spesielt mykje. Eg kunne ha trekt fram eit par scener som gjorde inntrykk. Sonen i filmen kjem med for smarte setningar, vegen frå trøbbel til lykke er for enkel. Mange stader lar filmen vere å gripe fatt i potensialet og skurar glatt vidare. Hindringane kjennest aldri som hinder. Den streifar innom ein del tema, og for det skal han ha skryt, fleire sider vel ei ulykkeleg skilsmisse blir tatt opp.
Det blir overflatisk. Men på ei anna side gjer Dustin Hoffman ein god nok jobb i rolla sin, og får fram ein sympatisk karakter. Såleis klarer han å komme ut av dette med litt ære i behald.
Klisjear kan vere effektive, men ikkje i denne filmen. Saman med å vere overflatisk øydelegg det Kramer vs. Kramer. I vurderinga mi har eg også lagt vekt på forventingane boka 1001 filmar du må sjå før du dør har bygd opp.