Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kûki ningyô (2009)

Kûki ningyô

Film
4

Nokon spesielle, men sjarmerande filmar har det i blant med å dukke opp frå Asia. Kûki ningyô eller Airdoll handlar om ei oppblåsbar dukke som blir levande, får ein personlegdom og blir forelska.

I det ho på ein slags måte blir etter menneske, kjem også mange andre inntrykk, opplevingar og lærdommar. Filmen tar for seg heilt vanlege sider ved det å vere eit menneske, og ser på det gjennom auga til nokon som dette er heilt nytt for.

Det er både poetisk og sårt, og med ei svært sjarmerande ung kvinne i hovudrolla som spelar strålande.

Det eventyrlege utgangspunktet opnar også for ei skildring av einsemd. Roy Stafford på The Global Film Book Blog (globalfilmbook.wordpress.com) meiner møta med folk i nabolaget gjer fantasien til noko menneskeleg og sosialt gjenkjenneleg. Han rosar dessutan Bae Doo-na sterkt i hovudrolla. Det utdjupar noko av det eg likar her, at eit så sprøtt påfunn kan gi eit både sårt og sjarmerande blikk på heilt vanlege sider ved livet.

Regissøren Hirokazu Koreeda veit kva han skal spele på for å stikke djupt der det gjelder. Han står blant anna bak ein av dei vondaste filmane eg har sett, Dare mo shiranai. Og med Kûki ningyô evnar han å bruke denne emosjonelle kunnskapen i lag med ein sprø dramakomedie basert på ein manga.