Hopp til hovedinnhold
Plakat for Kurenai no buta (1992)

Kurenai no buta

Film
4

Ein trylleformular har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bustad under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid.

Filmen tar overraskande lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso, tidlegare Marco, men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyet hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat.

Handlinga er enkelt og greitt spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for auga her. Eg saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles tykker eg det er heilt greitt.

Dei stille partia betyr meir for skribenten på Canne’s Anime Review Blog (canime.wordpress.com). Etter eit gjensyn er det dei personlege historiene og lengten mellom Porco og Gina som gjer størst inntrykk, meir enn luftkampane. Det viser ein annan inngang til filmen enn den eg sit igjen med. Eg set pris på havet og flyginga, men skulle gjerne ha kome nærare mannen bak griseansiktet for å bli like oppslukt av den delen.

Filmen er også kjent som Porco Rosso.