L!fe Happens - Filmdagbok

L!fe Happens 2011

L!fe Happens er ein passande dagen etter-film: Enkel å følge med på og konvensjonelt visuell. Det er ein romantisk komedie med ei ung åleinemor i hovudrollen.

Då mora møter ein fyr eit år etter fødselen seier ho ingenting om barnet sitt. Dette er den type film.

Filmen har ikkje all verda gåande for seg, men mindre gåande mot seg. Forutan eit kurant persongalleri er det små humoristiske stunder spreidd gjennom filmen. Klisjeane er der oftare, men dette kunne ha vore mykje verre.

Så eg likte i grunn filmen. Iallfall nok til å la det gå som gjennomsnittleg god underhaldning.