Det er ein fryd å sjå Russell Crowe spele så overbevisande som valdeleg politimann og Kevin Spacey lure seg rundt folk med berre ein stil som han kan ha. Guy Pearce kjenner eg ikkje så mykje til frå før.
Historia her er for innvikla til å attfortelje på ein kort måte, men det er hendingane som følger av eit massemord på ein liten nattopen kafé i Los Angeles som gjer utslaget for politijakta som filmen handlar om. Her er det nok av trådar som etter kvart skal løyast opp og knytast saman, gjennomført i eit 1950-talsmiljø med nokon av beste frå Hollywood.
Det er dessverre småting å utsette på filmen og, sånn heilt opp mot slutten. Men med 133 gode minuttar før dette er ikkje forgjeves, og veg mykje sterkare opp for ei sluttvurdering enn ein typisk Hollywood-slutt.
Dette er god underhaldning, noko av det betre eg har sett av retro politimannfilmar.