La Ciénaga - Filmdagbok

La Ciénaga 2001

Me følger to familiar i Argentina. Dei har fleire barn i tenåra. Det er varmt, dei vaksne drikk alkohol heile tida, og ingen passar særleg på ungane. Det er ein ukontrollert galskap og eit portrett av intime forhold.

La Ciénaga er ikkje ein film som treff meg. Til det skjer det for lite, han er for negativt ladd, og for lite filmatisk kunstnarisk til å vege opp for noko av dette. På sett og vis oppnår filmen ei stemning, som i beste fall gjer at eg unngår og kjede meg og hamnar i eit modus der tida og lengda til filmen betyr lite. Men fråvære av keisemd er ikkje nok.

Eg kan finne fleire ting eg likar med filmen. Han viser folk og familiar på ein rå og uvan måte. Men når alt kjem til alt gav filmen meg for lite, og eg likte ikkje innhaldet. Og det er det vurderinga handlar om, å like eller ikkje. Ein refleksjon av verdiar eg verdset. Og her er det mykje grums.