Hopp til hovedinnhold
Plakat for La resa dei conti (1967)

La resa dei conti

Film
3

La resa dei conti er ein italiensk western. Det handlar om to karakterar, spelt av Lee Van Cleef og Tomas Milan. Førstnemnde er dyktig til å fange kriminelle, og er kjent for å vere rask og god på avtrekkaren. Han tek på seg eit oppdrag om å fange sistnemte, men det blir meir utfordrande enn han kanskje ser for seg. Sjølv om han likar utfordringa.

Både Lee Van Cleef og Tomas Milan briljerer i ein film som både ser godt ut, og har ein god flyt og mange gode scener. Det er både humor og brutalitet. Og ikkje minst god musikk av Ennio Morricone.

Som ofte vanleg i spaghettiwestern så er filmen originalt dubba. Det er heilt greit, men noko å bli van til.

Lee Van Cleef si rolle imponerte meg mest, han gjer historia levande. Både for dei som likar western, men og meir spesifikk italiensk western, så er dette verdt å sjå.

Det er òg noko å hente i dei små uttrykka til Lee Van Cleef. David frå BluePrint: Review skriv i gjesteomtalen hjå MovieRob (movierob.wordpress.com) at han viser endringar i ideal og lojalitet med svært lite mimikk. Han meiner den rolege rytmen i den italienske versjonen gir denne utviklinga rom. Det passar godt med kvifor eg likte rolla så godt. Han gir liv til jakta utan å måtte gjere eit stort nummer ut av kvar reaksjon.