Hopp til hovedinnhold
Plakat for La Vie d'Adèle - Chapitres 1 et 2 (2013)

La Vie d'Adèle - Chapitres 1 et 2

Film
3

Tre timar var lenge. Eg venta lenge før eg klarte å sette meg ned og sjå filmen. Sjølv om eg hadde lese mykje positiv om han på førehand.

Filmen prøver hardt å vere nær og ekte, men blir meir påtrengande enn engasjerande.

Sam Inglis på 24 Frames Per Second (24framez.blogspot.com) kjenner også avstanden mellom alt filmen viser og det han faktisk får fram av kjensler. Han rosar Adèle Exarchopoulos og Léa Seydoux langt meir enn eg gjer, men blir likevel ikkje engasjert i forholdet og meiner mange scener varer for lenge. Det er særleg det siste eg kjenner igjen. Å bli verande tett på personane er ikkje i seg sjølv nok til at eg kjem nærare dei.

Forteljinga er om Adèle, og hennar oppdaging av eigen seksualitet. Om hennar møte med Emma og alt som skjer mellom dei. Filmen tek seg for god tid til å fortelje dette.

Det er ein del eksplisitte scener her som tek sin plass og i si tid. Og det kræsjar nok litt med det dramatiske som filmen forsøker å oppnå. Det blir ein kræsje mellom sjangrar.

Skodespelarinnene gir mykje av seg sjølve, men det blir aldri heilt overtydande.