Hopp til hovedinnhold
Plakat for La vita è bella (1997)

La vita è bella

Film
4

Ein vakker film om eit vakker liv. Veldig avslappande og roleg. Varm humor, ein trist undertone etter jødane blir frakta av garde, men filmen klarar likevel å behalde sjarmen sin gjennom dette.

Eg kjøper gjerne denne type dramakomedie på DVD for å sjå det opp igjen, men akkurat denne filmen ville eg likevel ikkje gått så langt med. Det held å sjå denne ein gong.

Varmen er ikkje nok for Jerry Saravia på Jerry Saravia on Cinema (jerrysaravia.blogspot.com). Han rosar komikken til Roberto Benigni, men meiner eventyrforma i siste del skyv for mykje av alvoret ved Holocaust til side. Eg opplever at filmen beheld sjarmen gjennom det triste. Innvendinga hans set likevel ord på ein vanskeleg balansegang. Kor mykje kan humoren skjerme personane før han òg byrjar å skjerme oss som ser på?

Den italienske filmen har fått den engelske tittelen Life is Beautiful.