
Labor Day
Labor Day er eit stemningfullt og fint drama, men vanskeleg å vurdere og plassere på grunn av eit uklart grunnlag.
Tatt oppbygging, skodespel, formidling av kjensler, visuell og audiovisuell tone til vurdering, så har eg lite å utsette på dette periodedramaet sett til 1987.
Det er i tilsløringa til historia av ein diskutabel situasjon og ei uklar fortid eg opplever at filmen ikkje når meg. Her er det eit gap mellom det eg tolkar som ei oppmaning til tilgiving, og mitt eige verdigrunnlag. Filmen prøver å vere ettergivande og avstå frå fornuft, og framstill dette som meir menneskeleg enn ideen om at kriminelle handlingar har konsekvensar.
På alle desse områda går filmen rundt grauten, og prøver på sin måte å skape ein diskusjon, og å manipulere sjåaren ved å framstille offer som skyldige i sin eigen skjebne.
Dette er eit drama, det er fiksjon, og det derfor fritt fram for tolking. Eg kan fylle hola til historia med mine idear. Så poenget mitt er heller at eg ikkje har sansen for ein film som blant anna prøver å rasjonalisere motivasjonen til ein forbrytar.
Steven Cohen på Steven Cohen’s 365 Days of Reviews (365daysofreviews.wordpress.com) meiner Frank blir framstilt som nærast feilfri, og at bandet til Adele oppstår for raskt til å verke truverdig. Samtidig rosar han dei vakre bileta. Me skil oss noko i synet på stemninga, men eg kjenner att problemet med kor lett filmen legg til rette for sympatien. Når så mykje blir ordna rundt denne eine mannen, får eg mindre rom til å tru på vurderingane filmen inviterer meg til å gjere.
Dette var for meg den interessante delen av Labor Day å ta opp. Utover dette likar eg mange av scenene og stundene i filmen, sett på i avgrensa forstand. Dessutan likte eg godt epilogen, som er verdt å nemne. Epilogar er gjerne ein del av filmar eg kunne tenke meg å stå over, men her bygger heile filmen seg opp mot det som blir ei ønskeleg avslutting.
