Labyrinth - Filmdagbok

Labyrinth 1986

Spennande fantasifilm som appellerer til folk i alle aldersgrupper.

Kan vere litt skummel for dei yngste, men er mest morosam for dei eldre. Dokkene av Jim Henson er lite realistiske samanlikna med det beste som dataanimasjon leverer i dag, men dei har sin eigen sjarm.

Musikken og ikkje minst rolla til David Bowie utstrålar 1980-talet på lang veg, noko som hindrar filmen i å kunne bli tidlaus, men det øydelegg ikkje filmen på nokon måte heller.

Bra laga, kul setting. Men ikkje heilt min type film.