
Ladri di biciclette
Ladri di biciclette er ein film eg skammar meg over ikkje å ha sett før, då han er ein ganske viktig film for den italienske neorealismen. Og eg har vore klar over det.
Sant skal seiast så har eg ikkje sett noko til dei tidlege filmane i den franske bølga heller, så det er nok av materiale å oppdatere seg på. Men der i motsetning til her har eg eigentleg aldri vore klar over nokon spesielle titlar eller namn.
Møte med Ladri di biciclette var eit etterlengta eit fordi det har seg slik at eg har sett slutten på denne filmen tidlegare. Her kjem desperasjonen fram på tydeleg vis utan at spora på dei mildare komiske innslaga forsvinn heilt. Dette er kjenneteikn for filmen i si heilskap, som eit viktig tilskot til den italienske neorealismen er temaet dei harde levekåra til ein enkel arbeidar i eit etterkrigsprega Roma.
Skildringa er brutal og det blir ikkje gjort noko forsøk på å skape ei lykkeleg historie. Heldigvis er det også flotte innskot av lun humor. Dei kjem frå den barnlege og spontane sonen til mannen med sykkelen. Det passar ein filmsjåar som meg, som er mindre glad i det fullstendig kalde og triste. Guten passar godt inn, i likskap med dei andre amatørskodespelarane.
Det kjenslevarme treng ikkje gjere fattigdomsskildringa mildare. På The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com) blir forholdet mellom far og son framheva som rørande utan at filmen mistar den harde kjerna si. Det er ei fin utdjuping av det eg set pris på ved guten og dei lunare innslaga. Dei gjer personane lettare å bli glad i, men gir ingen garanti for at verda rundt dei blir meir nådig.
Ein og ein halv time går fort unna og den enkelt fortalte handlinga held seg frisk og fin frå ein ende til annan. Dette var så fornøyeleg at det einaste eg veit å utsette noko på var ufullstendig teksting på DVD-en.
På engelsk heiter filmen The Bicycle Thief.
