Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lady and the Tramp (1955)

Lady and the Tramp

Film
4

Usikker på om eg hadde sett denne før, blei han sett på nytt. For eg hadde visst sett han før, men gløymt å føre han opp i Filmdagbok. Uansett så er dette ein av dei verkeleg gode Disney-teiknefilmklassikarane. Og han er ein fryd å sjå på nytt. Her er alt på plass. Fin humor, alvor som står til kontrast med humoren, ei god historie og fin animasjon.

Michael J. Carlisle på The Good, The Bad and The Critic (goodbadcritic.blogspot.com) trekker fram kor godt filmen lar oss sjå verda frå hundane sitt perspektiv. Han set også pris på den varme, enkle kjærleikshistoria. Det utdjupar kvifor heilskapen fungerer så godt for meg. Animasjonen er fin, men uttrykket gir også historia og kjenslene ein naturleg plass.