Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lady and the Tramp II: Scamp's Adventure (2001)

Lady and the Tramp II: Scamp's Adventure

Film
3

Eg har vore innom oppfølgarar til kjente Disney-filmar eit par gonger. Og spesielt med tanke på dei oppfølgarane som kom rett på video rundt 2000-årsskiftet. Lady and the Tramp II: Scamp's Adventure er ein av desse, og bør som dei andre heller bli sett på som ein eigen film heller enn ein tradisjonell oppfølgar. For her er alt enklare, frå historie til detaljnivå i produksjonen. Festleg kan det likevel vere, når Fant som han heiter på norsk skal leve livet som landstrykar.

Jeff og George hjå ImagiNERDing (imaginerding.com) diskuterer nettopp om filmen bør vurderast for seg sjølv eller som ei vidareføring av klassikaren. Begge finn noko å like når dei samanliknar med andre videooppfølgarar, sjølv om originalen står sterkare. Det er ein måte å sjå filmen på som passar godt med mi eiga. Justerte forventningar gir meir rom for det enkle eventyret.