Lady in the Water - Filmdagbok

Lady in the Water 2006

Vanskeleg å plassere filmen heilt gjer han til ei relativt brei oppleving. Kritikk mot filmkritikaren og den generelle plasseringa hans av filmar er noko eg blant anna ser i denne filmen, og som kanskje er med på å godkjenne det faktum som eg skreiv i første setninga. Om eg er inne på noko i heile tatt er jo usikkert, men min måte å sjå film på er den rette for meg.

Lady in the Water byggjer seg opp rundt ei gammal god natt-historie om ei kvinne, ætta av eit vassfolk, som dukkar opp på land. God natt-historia er regissøren og i denne filmen skodespelaren M. Night Shyamalan sitt eige verk, og blei forresten gitt ut i bokform samtidig som filmen kom på kino. Paul Giamatti spelar Cleveland Heep, som hamnar mitt oppi historia saman med andre gode og tydelege karakterar i leilegheitskomplekset han held styr på.

Filmen har mange trådar som vil vere tidkrevjande å ramse opp her, men som på alle måtar er godt fletta inn i filmen. Det gir eit inntrykk av at ingenting er tilfeldig, men også ei moglegheit til å lese rimeleg tidleg kva som kan komme til å skje. Dette blir faktisk påpeika i form av samtalar med hjelparen og filmkritikaren Farber (Bob Balaban). Dette er ein av dei artige, og interessante, delene av filmen.

Elles gir filmen ei samansett oppleving og er ei god blanding av tradisjonell historie og meir utradisjonelle innspel. Eg likte han iallfall.