Ladyhawke - Filmdagbok

Ladyhawke 1985

Matthew Broderick, Rutger Hauer og Michelle Pfeiffer møtes i Ladyhakwe, ein fantasifilm sett til mellomalderen.

Ladyhawke er ei kjærleikshistorie om ei kvinne som blir til ein hauk om dagen, og ein mann som blir til ein ulv om natta, og på denne måten aldri kan møtast. Dette kjem av ei forbanning som Matthew Broderick skal hjelpe å oppheve.

Filmen er ei suppe. Romantikken er ikkje gripande. Dei tilsynelatande farlege episodane er ikkje dramatiske nok. Og når ingenting står på spel blir resultatet kjedeleg. Det er lite anna som klarar å gripe også.

Ladyhawke hamnar godt under middels og kan ikkje anbefalast vidare.