Aamir Khan, blant dei største filmstjernene i India, er helten i denne kolonianske sportsfilmen.
Mens dei britiske framleis regjerte i India, måtte gjerne bønder og andre i små landsbyar betale skatt både til sin raja – deira lokale herskar, og til britane. Skatten blei kalla lagaan, derav namnet på filmen.
I ein liten landsby slit innbyggjarane med avlingane sine. Det har ikkje regna på lenge, og førre året var også problematisk. Deira raja har forpliktingar til britane, men seier noko feil i forhandlingar og endar opp med alle må betale dobbel lagaan.
Det blir oppstyr, og innbyggjarane i landsbyen går til raja-en og den britiske øvstkommanderane i kantonen for å be om å kunne betale mindre. Briten er ein typisk dritsekk, og gir dei moglegheita til å delta i eit veddemål. Dei kan spele ein kamp med cricket og få null lagaan i tre år ved seier, eller trippel lagaan ved tap. Vår helt Bhuvan (Aamir Khan) tar utfordringa, sjølv om dei andre i landsbyen i utgangspunktet er i mot.
Filmen varer i gode tre og ein halv time, og det skjer langt meir enn eg har oppsummert. Men viss me spolar litt framover så er det klart at det blir ein cricket-kamp. Og denne er vanvittig spennande. Sport på film har ein tendens til å vere spennande, men dette tok altså av for min del.
Resten av Lagaan: Once Upon a Time in India er også god, med mykje bra samspel, humor og mange fargerike skikkelsar. Aamir Khan er ein typisk heltefigur, og har opplagt to damer etter seg. Han tar sjansar, er den dyktige i mange tilfelle, den smarte og eit naturleg midtpunkt i filmen. Det passar seg godt med ein karakter av denne typen i ein sportsfilm.
På toppen av det heile er det litt musikk her også. Det er ikkje mine favorittdeler av filmen, men tekstane er stort sett interessante, eit par av rytmane er fengande, og det går ikkje utover flyten og framgangen i filmen heller.
Eg har ikkje sett all verda med indisk film. Så få at halvparten omtrent er av litt anna karakter enn den typiske Bollywood-filmen. Men eg antar at Lagaan: Once Upon a Time in India er ein relativt typisk film, og til det å vere er han også svært god. Poenget mitt er at eg gjerne kan anbefale denne, om du har tid.