Hopp til hovedinnhold
Plakat for Land Ho! (2014)

Land Ho!

Film
3

Eit par tidlegare inngifte svograr reiser frå USA til Island på ferie og biltur. Dei var tidlegare gift med to søstrer. Dei er to ulike typar, eit godt utgangspunkt for ein litt snodig komedie.

Land Ho! handlar forutan alderdom, vennskap og motsetningar om å bryte ned igjen veggane som tid kan skape mellom to personar. Dette er den meste interessante delen av det personlege aspektet ved filmen.

Ettersom dette elles også handlar om Island og biltur, så er det på sin plass å nemne at filmen både ser pen ut, og kan spele på likskapane mellom islandsk natur og kjenslene til dei sentrale rollene i filmen.

Land Ho! tar aldri heilt av. Til det har eg for store forventingar til innsikt som filmen ikkje oppfyller. Men det er ein kurant komedie og eit pent, tona ned drama.

Laura Clifford på Reeling Reviews (reelingreviews.com) meiner også at filmen stundom ruslar litt for lenge utan å komme vidare. Ho finn både morosame og rørande stunder, men opplever Island som det mest jamt vellukka innslaget. Det er nær mi eiga vurdering. Landskapet og selskapet gjer turen triveleg nok, men eg skulle gjerne hatt litt meir innsikt i det som ligg mellom dei to mennene.