Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lange flate ballær (2006)

Lange flate ballær

Film
2

I følge Filmguiden ligg Lange flate ballær an til å komme ut av 2006 med sigrande besøkstal på kinofronten. Filmen fekk mykje merksemd i media på grunn av kjendisane som dukka opp, mellom andre José Mourinho og Ari Behn. Det hjelper vel utvilsamt på den vanlege nordmannen, som blir fora med sladder i VG og Dagbladet.

Filmen handlar om fotball, ein sport eg ikkje har brydd meg om på nokon år, men som eg ikkje har noko problem med å følge med på. Ein supportergjeng set kursen mot Tyskland når Noreg kjem seg vidare frå gruppespelet i VM. Denne gjengen består av amatørskodespelarar som kan seiast å vere gjennomsnittlege nordmenn.

Amatørpreget er noko filmen tar med seg heile vegen, og lufta går litt ut av ballen i enkelte forsøk på å gjere noko brått. Men Lange flate ballær er god på å få fram det norske, og formidle ei historie om ein samla gjeng med fotballinteresserte bilmekanikarar. Han er faktisk morosam, om eg gav inntrykk om det motsette, og er ein svært så folkeleg film.

Fotballinteressa treng tydelegvis ikkje vere på topp for at dette skal fungere. Hallgeir G. Hynne på Filmbyen (filmbyen.no) skriv at han eigentleg ikkje bryr seg om landslaget, men likevel blir riven med av stadionsekvensane. Han finn òg mykje av sjarmen i dei seks hovudpersonane. Det siste er eg samd i. Trass i amatørpreget klarar filmen å samle denne gjengen til noko både gjenkjenneleg og morosamt.