
Lars and the Real Girl
Ein spesiell fyr kjøper ei sexdokke på internett, og introduserer ho som sin nye kjærast for bror sin og kona hans.
Lars Lindstrom gjer ikkje dette på tull, og har heller ingen einsidige planar om å utelukkande ha sex med denne dokka. Han tenker i retning av eit seriøst forhold, og det er nettopp dette han utviklar med dokka.
Folk rundt han prøver å hjelpe inntil dei ikkje gjer det lenger, og godtar dette. I mens opplever Lars både opp- og nedturar i sitt nye forhold.
Som du forstår er Lars and the Real Girl ein spesiell film. Det er også ein fin film, og på ingen måte ein nedlatande komedie eller noko vulgært. Det er heller ein sjarmerande og lun film, men også trist og dramatisk. Det viser ein fyr som går sine eigne vegar, og oppi det heile er det eit par poeng om det å respektere andre sine val.