Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lashou shentan (1992)

Lashou shentan

Film
3

Lat sau san taam, eller Hard Boiled, er ein Hongkong-film av John Woo med Yun-Fat Chow i hovudrolla. I lag med Yun-Fat Chow spelar Tony Chiu Wai Leung ei stor rolle.

Lat sau san taam overgår mange filmar, både før og etter, i skytescener. Og det er som actionfilm først og fremst at dette fungerer. Yun-Fat Chow er politimannen som er på sporet i ei etterforsking, men blir stoppa av sjefen, men held fram likevel. Filmen involverer noko greier om politi som jobbar på innsida av ein kriminell organisasjon.

Opplevinga mi av filmen er nok prega av at eg ikkje følgde med så nøye heile tida, og dermed ikkje fekk med meg alle detaljane. Inntrykket mitt er likevel at filmen ikkje når opp til den tilsvarande Hongkong-filmen Mou gaan dou, som har ei historie som bygger delvis på det same premissen om ein politimann under dekke som ingen veit om.

Utover desse to kommentarane har eg mindre å seie om Lat sau san taam. Filmen er utvilsamt vanvittig rå innimellom, men når eg aldri får den rette motivasjonen til å følge karakterane, samtidig som eg veit at filmen fortel ei kurant historie basert på desse, så mistar eg nok litt for mykje av gleda.

Det beste eg kan gjere er å verken avskrive eller skryte over filmen. Bortsett frå actionscenene, dei kan eg skryte av.

Tom Gillespie på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) meiner den enkle historia først og fremst er eit påskot for dei vanvittige actionsekvensane. Han finn stor glede i det overdrivne, også når filmen spelar klisjeane heilt alvorleg. Eg deler begeistringa for oppgjera, men treng litt meir feste i personane for å få fullt utbytte av heilskapen. Det er altså ikkje det rå handverket som står i vegen.