Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lava (2014)

Lava

Film
3

Den korte og musikalske animasjonsfilmen Lava frå Pixar er ein om lengsel og kjærleik. Ei vulkansk øy ser at alle rundt seg har nokon å vere glad i, og han lengtar etter det same sjølv.

Ein enkelt song er lydsporet til den cirka sju minuttar lange filmen. Ein fin vri på filmen er forholdet me får til tid. Utover det er dette ein artig sak, som eg ikkje legg så mykje meir i enn at det er god underholdning mens det pågår. Og at songen er fin og fengande.

Songen er også det Kate Stuart likar best på A Writer Reviews (ksreviewsblog.wordpress.com). Ho meiner derimot bileta fortel for lite utover det teksten allereie seier. Det er ei interessant innvending til denne musikalske forma. Eg blir meir fornøgd med den enkle underhaldninga, men det er tydeleg at mykje av opplevinga står og fell på kor godt me likar akkurat denne songen.