Denne tre timar og 36 minuttar lange filmen har det som skal til for å vere ein klassisk storfilm. Filmen er påkosta, varer lenge og har stemningsfull musikk. Han går forbi det å handle om berre eit stort slag. Det blir brukt mange store ord i filmen, og mektige menn tek opp skjermen. Galskap er uunngåeleg, og blod blir utspela i massevis.
Eg var litt skeptisk til å sette meg ned med denne filmen, som eg ofte er med lange filmar. Men når eg først kom i gang med denne, så gjekk det godt unna. Det er ingen som kan nekte for at filmen er lang, og 216 minuttar krev pause. Dette er den første filmen på lenge eg har sett med intermission.