Pierce Brosnan og Julianne Moore spelar to advokatar i denne romantiske komedien kor handlinga er lagt til New York. Dei møtes i rettssalen mot kvarandre i ei skilsmissesak, noko som blir starten på både eit veksande forhold, men også ei lang rekke av rettssaker kor dei jobbar mot kvarandre.
Filmen består av det nødvendige for å bli ei underhaldande stund. Skodespelarar i ypparste klasse og god komedie, om enn noko datert. Sjølve gangen i handlinga er så føreseieleg som det går, men så er heller ikkje dette typen film å trakte etter viss du forventar noko anna enn at forskjellar tiltrekk kvarandre og endar opp i lag.