Hopp til hovedinnhold
Plakat for Le déshabillage impossible (1900)

Le déshabillage impossible

Film
3

Med Le déshabillage impossible har Georges Méliès laga ein to minuttar kortfilm om ein mann som prøver å gå til sengs. Men det er lettare sagt enn gjort. I det mannen har teke av seg hatten, jakka og buksa, så er ein ny hatt og ei ny jakke på plass på kroppen hans.

Slik held mannen på gjennom heile filmen, og tempoet går fortare og fortare heile tiden. Det er enkelt, men tilogmed som ein sketsj så er det ein ide eg ikkje har sett før, så dette var ein morosam sak å vitne.

Lesaren batman1985 på SensCritique (senscritique.com) rosar både skodespelet til Georges Méliès og dei presise overgangane mellom kleda. Likevel meiner han at vitsen blir strekt litt for langt. Eg opplever heller den aukande farten som ein del av moroa. Det er ei lita, men interessant skiljelinje i ein så enkel sketsj. Kor lenge kan same påfunn gjentakast før overraskinga blir borte?

Filmen heiter Going To Bed Under Difficulties på engelsk.