
Le guide de la famille parfaite
Le Guide de la famille parfaite eller Hvordan få den perfekte familien er eit kanadisk drama, og litt komedie.
Det handlar om feil som foreldre kan gjere når det gjeld barna sine. Som å bruke dei på sosiale medier eller presse dei til å bli noko dei ikkje vil.
Eg forventa nok litt meir komedie enn dette var, og blei litt skuffa på grunn av det. Elles er også tonen til filmen rar, som om han ikkje veit heilt kva han skal vere av drama eller komedie, eller korleis samspelet her skal vere.
Blandinga fungerer betre for Jonathon Wilson på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner filmen viser presset på både foreldre og barn på ein lett, men engasjerande måte, med ein tydeleg bodskap om å godta det uperfekte. Eg ser dei interessante poenga, men opplever tonen som mindre sikker. Eit godt tema er ikkje alltid nok til at drama og komedie finn den rette balansen.
Trass i at ikkje alt heng på greip i totalen, er filmen også innom mange interessante poeng og har stunder som byr på god film. Men minneverdig er det ikkje.
