
Le locataire
Le locataire gav meg ei uggen kjensle om sant skal seiast. Å skape engasjement og få fram kjensler er to sider ved ein film som er med på å gjere han vellykka. Men det er ikkje alt.
Le locataire, eller The Tenant, er ein thriller utanom det vanlege. Filmen bygger opp ei historie på tradisjonelt vis, men kjem etter kvart til eit vendepunkt. Etter vendepunktet er det utfordrande å henge med på kva samanhengen er, men det er akkurat spesielt nok til at det er moro å følge med vidare.
Målt opp mot meir moderne og visuelle grøssarar, er dette ei perle verdt å få med seg.
Den uklare samanhengen blir eit problem for Rick DeMott på Animation World Network (awn.com). Han meiner personane er for enkle til at uroa får skikkeleg tak, sjølv om enkelte bilete mot slutten er uhyggelege. Eg kjem ut med ei anna kjensle. Det er nettopp etter vendepunktet, når eg ikkje heilt heng med, at filmen blir spesielt interessant å følge. Det uggne inntrykket gjer at eg framleis vil trekke han fram som ei perle.
