
Le Placard
I filmen møter me Pignon, som jobbar på ein kondomfabrikk, men er i ferd med å bli sparka. Så får han ein ny nabo, Belone, som kjem med ein idé. Då gir Pignon seg ut for å vere homofil, vil ikkje fabrikken tore å sparke han. Det vil vere dårleg for omdømmet til fabrikken.
Når alle trur at Pignon er homofil så startar dei å oppføre seg annleis i nærleiken av han. Litt etter litt forandrar han seg sjølv òg. Forandring er essensielt for film. Sjølvsagt er vår venn Pignon heterofil, men å spele homofil gir faktisk livet hans meir meining.
Denne franske komedien er ein underhaldande film, med god vekt på karakterutvikling, mange interessante karakterar. Og på botnen finst det ein bodskap, som eg vil oppfordre deg til å finne ut av sjølv.
Thomas Caldwell på Cinema Autopsy (blog.cinemaautopsy.com) meiner humoren treff fordommane rundt homofili framfor å lene seg på enkle stereotypiar. Han rosar Daniel Auteuil for å vekke både latter og medkjensle, og finn varme i endringane personane går gjennom. Det passar godt med karakterutviklinga eg likar. Det er ikkje berre Pignon som blir annleis. Når dei andre byrjar å behandle han på ein ny måte, avslører dei òg mykje om seg sjølve.
Filmen heiter The Closet på engelsk.
