Hopp til hovedinnhold
Plakat for Le Salaire de la peur (1953)

Le Salaire de la peur

Film
3

To lastebilar med nitroglyserin skal bli frakta frå ein stad, langs ein veg, til ein andre stad. Den første staden er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn. Vegen er ein dårleg landeveg med mange farar. Den andre staden er ein oljebrønn i brann.

Forspelet byr ikkje på det heilt store. Det er roleg og handlingslaust, men gir ein kontrast til nervepirringa i køyredelen. Den må vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske brester, som kvifor rygge så langt ut på stillaset, bryr meg lite. God nok film, og så veldig alvorleg i blant òg.

Den rolege starten har større verdi for skribenten på Acrentropy (acrentropy.blogspot.com). Der blir det framheva at kjennskapen til mennene og den desperate situasjonen deira gjer køyreturen endå meir spennande. Det er eit godt argument for å bruke tid før lastebilane kjem av garde. Eg synest framleis forspelet byr på lite i seg sjølv, men kontrasten gjer sitt når kvar minste hindring langs vegen får nervane til å stramme seg.

På engelsk heiter filmen The Wages of Fear.