Le Salaire de la peur - Filmdagbok

Le Salaire de la peur 1953

To lastebilar med nitroglyserin skal bli frakta frå ein stad, langs ein veg, til ein andre stad. Den første staden er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn. Vegen er ein dårleg landeveg med mange farar. Den andre staden er ein oljebrønn i brann.

Forspelet byr ikkje på det heilt store, roleg og handlingslaus som delen er, men han er med på å gi kontrastar til nervepirringa i køyredelen av filmen, som må seiast å vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske brester, som kvifor rygge så langt ut på stillaset, bryr meg lite. God nok film, og så veldig alvorleg i blant òg.

På engelsk heiter filmen The Wages of Fear.