
Le Voyage dans la Lune
Denne over 100 år gamle filmen har framleis sin sjarm og si enkle spenning.
Det handlar om ein gjeng menn som reiser til månen. Dei blir skotne i ei svær kule, og landar trygt på overflata til månen. Der møter dei på månemenn som fangar dei.
Filmen er i underkant av 15 minuttar lang og har nok størst verdi som kuriositet og historisk film enn noko anna. Men eg vil ikkje snakke vekk det faktum at filmen også er eit tidleg innblikk og ein kurant utføring av ein fantastifull science fiction-film.
Så det er altså fleire grunnar til å sjå denne. Både som filmhistorie og som underhaldning.
Det stilleståande kameraet er slett ikkje eit hinder for liv på Silent Volume (silent-volume.blogspot.com). Chris Edwards meiner Georges Méliès fyller kvart bilete med rørsle og detaljar, slik at figurane og kulissane høyrer til den same leikne verda. Han set den kunstnarlege verdien endå høgare enn eg gjer. Men poenget hans forklarer godt kvifor dette framleis underheld. Fantasien er synleg i det som skjer framfor kameraet, sjølv når kameraet blir ståande.
Filmen er også kjent som A Trip to the Moon.
