Hopp til hovedinnhold
Plakat for L'éclipse du soleil en pleine lune (1907)

L'éclipse du soleil en pleine lune

Film
3

Ein professor i astronomi foreles for studentane sine om ei kommande solformørking. Når klokka slår tolv, og formørkinga skjerm, så spring dei alle med teleskopa sine mot vindauge, for å vitne sola og månen sin samankomst

Sola og månen har menneskelege ansikt, som med sterke uttrykk viser at dei ventar på å møtes. I det dei har møtt, byrjar også mange andre fenomen å skje på himmelen. Frå synet av planetar til meteorittregn. Det skjer så mykje at professoren blir sjokkert og fell ut av vindauge.

L'éclipse du soleil en pleine lune har mykje godt for seg. Reint teknisk er det ein godt laga kortfilm på gode ti minuttar. Kvaliteten er godt bevart, og bildet på versjonen eg såg var vel så skarpt som det kan bli frå denne tida. Georges Méliès står bak, og hadde nok på dette tidspunktet laga så mange filmar at han her henta fram dei spesialeffektane han kunne, utan å overdrive ein spesiell effekt. Det gir ein heilskapleg og variert film.

Historia og måten han blir fortalt er i seg sjølv ikkje det mest spennande. Og kanskje litt kryptisk for det utrente auge. Men med musikk til så synest eg likevel flyten var passe på plass, til at eg kunne sette pris på resultatet.

Dave Sindelar på Fantastic Movie Musings and Ramblings (fantasticmoviemusings.com) finn også det beste i effektsekvensane på himmelen. Han meiner ramma med astronomen tek for mykje tid, og les sjølve møtet mellom sol og måne som ein erotisk vits. Det er ein interessant inngang til det eg opplever som litt kryptisk. Ansiktsuttrykka er ikkje berre pynt på fenomenet, men kan gi heile formørkinga ei anna meining.

Kortfilmen heiter The Eclipse, or the Courtship of the Sun and Moon på engelsk.