Hopp til hovedinnhold
Plakat for Legally Blonde (2001)

Legally Blonde

Film
3

Det byrjar med at typen gjer slutt med ho. Han ville ha noko meir seriøst. Og ho var ikkje godt nok for han. Så då vil ho forsøke å bli det.

Legally Blonde spelar på klisjear og stereotypiar, men med glimt i auget og ei oppriktig tru på hovudpersonen. Reese Witherspoon gjer ein smart figur som Elle Woods. Ho løftar historia på alle dei rette måtane.

Det er mykje overflate her, men òg ei ektefølt forteljing om å finne ut av seg sjølv.

Ei fin forklaring på kvifor filmen held seg, finn eg på Whispering into the Void (belledejour1899.substack.com). Belle de Jour legg vekt på at Elle ikkje må gi avkall på interessene eller utsjånaden sin for å bli teken alvorleg. Ho arbeider seg fram til kunnskapen og får samtidig bruk for det andre avfeiar som overflatisk. Det passar godt med mi oppleving av ein lett komedie som faktisk trur på hovudpersonen.

Det er ikkje alltid filmen heng heilt saman. Men sjølv om dette ikkje er noko meisterverk, er det ein lett film å like. Den er ofte morosam. Og nok alvorlege undertonar til at det ikkje berre blir tull. Det er ein komedie som gir ei god kjensle. Eit gjensyn i 2024 stadfestar at filmen held seg overraskande godt.