Legend er ein fantasifilm med Tom Cruise frå 1985. Filmen er regissert av legendariske Ridley Scott, men er på langt nær ein legendarisk god film.
Vonde krefter i form av figuren Darkness (Tim Curry), truar med å øydelegga dagslyset og alt godt. Jack (Tom Cruise) må redde ei prinsesse og hornet til ein einhjørning for å hindre dette.
Legend er ei relativ enkel og tradisjonell fantastiforteljing og eit eventyr om det gode mot det vonde. Filmen ser veldig bra ut, men er elles to timar med langdryg dramatikk som ikkje fell i smak. Kanskje for nokon, men ikkje for meg.
Det visuelle uttrykket, i frå kulisser til lys, er nydeleg. Musikken er også blant dei sterke sidene til Legend. Men det meste som har med dialog, tempo og generelt sett handling å gjere er enkelt, tåpeleg eller kjedeleg. Minus nokon sekvensar her og der, utover i andre halvdel av filmen. Det er likevel ikkje nok, så eg plasserer dette langt nede på lista over Ridley Scott-filmar.