Lemony Snicket's A Series of Unfortunate Events - Filmdagbok

Lemony Snicket's A Series of Unfortunate Events 2004

Flott miljø, flotte modellar og flotte bygningar. Alt ser pent ut på overflata.

Historia er litt vond, og det gjer seg bra. Men likevel var det noko som ikkje fungerte her. Det blei fort kjedeleg. Faktisk hugsa eg berre ei svært morosam scene når eg sit her og skriv, og det var når Olaf (Jim Carrey) fortalte ei historie om eit tårn, og lo for seg sjølv eit par sekundar i ettertid. Den vesle sekvensen med latter var det einaste morosame i A Series of Unfortunate Events.

Så kan du dømme sjølv, er ein latter godt nok i det som som skal vere ein komedie?