
Les Émotifs anonymes
Eg ser ein del nyare fransk film om dagen, takka vere Netflix. At eg fant Les émotifs anonymes var ein av dei betre oppdagingane eg har gjort på lenge.
For å gjere ei lang historie kort, Angélique møter Jean-René, begge to har problem med å vere i lag med andre menneske. Ingen av dei veit heilt korleis dei skal oppføre seg, og dei handterer dette på ulike måtar. For dei to å komme i lag betyr katastrofe.
Eg lo både meir og høgare enn eg har gjort på lenge. Eg fekk lyst til å sjå meir av filmen mens eg allereie såg på han, fordi eg visste at filmen kom til å slutte.
Komedien er både overraskande og absurd, men likevel så hjartevarm. Og med sjokolade som midtpunktet i filmen blir det berre søtare.
Michael Ewins set ord på mykje av sjarmen på E-Film Blog (e-filmblog.blogspot.com). Han meiner dei kjende romantiske situasjonane kjennest friske fordi dei to hovudpersonane er så særeigne og lette å bli glad i. Eg kjenner godt att den gleda. At me kan ane kvar historia skal, betyr lite når det er så morosamt og varmt å følge kor vanskeleg dei gjer vegen dit.
Den engelske tittelen til filmen er Romantics Anonymous.
