Les poupées russes er oppfølgjaren til ein av mine favorittfilmar i ein av mine favorittsjangrar. L'auberge espagnole kom i 2002 og handlar om franskmannen Xavier (Romain Duris) som reiser på utveksling til Barcelona, og bur i lag med ein variasjon av andre europeiske ungdommar i eit år. I Les poupées russes møter me Xavier tre år etter, og får fortalt hans neste kapittel i livet.
Den breie sjangeren eg vel å putte L'auberge espagnole i er som ein reisefilm. Sjølv om handlinga til filmen stort sett var lagt til Barcelona, så spelte avstanden Xavier har til heime ei stor rolle, i tillegg til blandinga av nasjonalitetar og kultur.
Les poupées russes har beheldt ein del av dette grensekryssande elementet i fortsetjinga. Og sjølv om filmen i stor grad spelar på trøblete forhold, forelsking og andre damegreier med Xavier i midten, så er det litt meir vaksent enn tidlegare.
Handlinga til filmen byggjer opp til eit bryllaup og ei gjenforeining i St. Petersburg. Men bortsett frå kvardagslege og passande møter med vennene frå Barcelona-tida, først og fremst i Paris og London, så har ikkje filmen tvinga inn for mange gjenforeiningar. Nostalgien er sånn sett tona litt ned, og ikkje av den grad eg hadde forventa. Utan å røpe noko vesentleg om bryllaupet så er heller ikkje gjenforeininga her det største og viktigaste.
Etter kvar som Xavier fortel om sitt siste år før Russland-turen, møter me både på gamle kjente og nye damer i hans søken etter lykke. Plakaten til filmen er på enkelt vis svært treffande i å oppsummere dei viktige relasjonane som utgjer denne historia. Minus eit par stykke som spelar heilt andre roller. Xavier er ein interessant karakter som oppi alt dette både er uheldig og sympatisk, litt dritsekk og feig, og som potensielt skjerpar seg.
Ein av dei andre grunnane til at eg likar denne filmen er evna til å lett bruke klisjear på ein måte som passar godt inn, og som endar opp som effektive grep for å skape emosjonelle stunder. Stort sett alle karakterane har sin plass, er ulike og gjenkjennelege, og driv filmen framover. Det er til ei viss grad ei spenning i handlinga og omgivnadene, og resultatet for min del blir ei total oppleving.
Filmen heiter Russian Dolls på engelsk.