Les saveurs du Palais er historia om Danièle Delpeuch og korleis ho blei utnemnt som den private kokken til den franske presidenten François Mitterrand.
Maten, konfliktane og livet til Danièle Delpeuch etter jobben som kokken til presidenten er sentrale sider ved filmen. Det blir veksla i tid mellom den tida og ei notid som er slutten på hennar tilvære på ein fransk base på Antarktis.
Danièle Delpeuch er dyktig til å lage tradisjonell fransk mat, og det er stort sett ingen hindringar, men heller mykje filming og merksemd gitt til maten inntil eit visst punkt i filmen. Då oppstår motstanden mot hennar måte å gjere ting på, og senteret i filmen endrar seg noko. Det blir meir tull i korridorane i presidentpalasset, og dette går utover Danièle Delpeuch.
Eg likar matdelen av filmen, men tykte ikkje historia som blir fortalt er spesielt godt formidla. Tidsrommet er uklart, miljøet er vagt framstilt, og reaksjonen som er Antarktis verkar litt dryg. Men den største kritikken er i grunn at filmen ikkje klarar å skape nok engasjement rundt og interesse for Danièle Delpeuch.
Les saveurs du Palais er ein heilt grei matfilm, men når ikkje opp på lista over gode matfilmar. Så i forbifarten nemner eg nokon av filmane som ein sånn liste ville ha inkludert om eg skulle lage ei: Julie & Julia, Big Night og Chef.
Filmen er også kjent som Haute Cuisine.