Hopp til hovedinnhold
Plakat for Let It Snow (2019)

Let It Snow

Film
2

Julefilmen Let It Snow på Netflix er den andre julefilmen i år frå strøymegiganten. Han handlar om ungdom i ein liten by i USA i forkant av jul.

Eg får eit inntrykk av at filmen prøver seg på ein mild variant av oppskrifta til Love Actually, og tykker at han bommar i forsøket sitt. Ta dei eine karakteren, som er ein songar og nasjonal kjendis ved namn Stuart. Han får ein fot i bakken når han endar opp i byen på grunn av togstans rundt jul, og møter ei jordnær jente som han blir kjent med. Eg tenker på Hugh Grant i Love Actually i samanlikninga.

Fleire andre historier om dei ulike ungdommane og deira utfordringar i kjærleik og forhold er det Let It Snow handlar om. Det er verken interessante personar, gode problem eller god humor, og eg blir ikkje engasjert av dette.

Dei mange historiene får for lite rom, meiner skribenten på Blackguard Media Reviews (blackguardreviews.blogspot.com). Omtalen finn karakterutviklinga svak, men meiner ensemblet har nok sjarm til å gjere filmen underhaldande likevel. Der skil me lag. Eg blir ikkje teken inn av karakterane, og då hjelper det mindre at fleire små kjærleikshistorier blir førte saman.

Det blir med forsøket frå Netflix når det gjeld Let It Snow. Eg hadde ikkje høge krav, men dei klåge krava mine blei heller ikkje innfridd. Eg saknar mest av alt ein snev av julestemning når ingenting anna leverte, men fekk ikkje det heller.