Let It Snow - Filmdagbok

Let It Snow 2019

Julefilmen Let It SnowNetflix er den andre julefilmen i år frå strøymegiganten. Han handlar om ungdom i ein liten by i USA i forkant av jul.

Eg får eit inntrykk av at filmen prøver seg på ein mild variant av oppskrifta til Love Actually, og tykkjer at han bommar i forsøket sitt. Ta dei eine karakteren, som er ein songar og nasjonal kjendis ved namn Stuart. Han får ein fot i bakken når han endar opp i byen på grunn av togstans rundt jul, og møter ei jordnær jente som han blir kjent med. Eg tenkjer på Hugh Grant i Love Actually i samanlikninga.

Fleire andre historier om dei ulike ungdommane og deira utfordringar i kjærleik og forhold er det Let It Snow handlar om. Det er verken interessante personar, gode problem eller god humor, og eg blir ikkje engasjert av dette.

Det blir med forsøket frå Netflix når det gjeld Let It Snow. Eg hadde ikkje høge krav, men dei klåge krava mine blei heller ikkje innfridd. Eg saknar mest av alt ein snev av julestemning når ingenting anna leverte, men fekk ikkje det heller.