I samband med rundinga av 800 reine filmpostar, ekskludert seriar og andre samlepostar, hadde eg tenkt å ha ein runde med forslag til kva film eg kunne feire det runde talet med.
Når eg så skulle til å skrive om Clint Eastwood sin andre del av det tosidige krigsfilmdramaet om kampane på den japanske øya Iwo Jima, merka eg at dette var film nummer 800, så der gjekk planen i vasken.
Letters from Iwo Jima er altså den andre krigsfilmen frå Clint Eastwood på relativt kort tid, og heng på sett og vis saman med Flags of Our Fathers. Han går føre seg samtidig, men me blir fortalt historia om kampane frå japansk perspektiv, tilsynelatande utan innblanding av amerikanske synspunkt.
Det er ikkje til å legge skjul på at eg såg fram til denne filmen etter å ha blitt positivt overraske over det Flags of Our Fathers bydde på. Eg enda opp med å bli skuffa. Historia tilseier at den japanske sida taper, og det ville vore lett å føle sympati med den triste skjebnen til vernepliktige japanske borgarar. Framstillinga blir for kald og kjenslelaus til at eg kan klare å engasjere meg.
Fargane er så tona ned at det er på grensa til å vere svart-kvitt, noko eg ikkje ser poenget med, og som øydelegg mykje for meg. Samtidig blir kvar einaste scene strekt ut til det uuthaldelege, utan at tankane til personane bak eventuelle nærbilde blir tydelegare av den grunn.
Eg kan sei mykje eg ikkje likte om filmen, men kjem ikkje unna at han er ein teknisk god produksjon. Eit par slag i ansiktet på erkeamerikansk tankegang gir små stikk av glede i ein film som står igjen som bleik samanlikna med sin brorfilm Flags of Our Fathers.