Italia blir ofte brukt som eit bakteppe i romantiske komediar. Den stereotypiske italienaren på film er ein person full av lidenskap. Landet blir forbunde med sjarmfulle, gamle bygningar, sol og vin. Eksotisk, men framleis sivilisert.
Letters to Juliet er ein film som på ingen måte finn opp krutet på nytt, men i trygg forstand nyttar seg av det etablerte Italia frå tidlegare filmar.
Ei ung kvinne drar på ferie med sin trulova til Italia. Deira ulike interesser sender han ut av bildet på ein vinauksjon, mens ho blir trekt mot ei gruppe som svarar på brev skrive til Julie (karakteren frå Romeo og Julie). Kva og korleis får bli opp til filmen å forklare.
Eit brev som vår hovudrolle Sophie, spelt av Amanda Seyfried, finn skjult er 50 år gammalt. Ho svarar på det, og den gamle dama som mottar svaret dukkar opp i Italia. Dette utløyser ei jakt på mannen ho tenkte på då ho skreiv brevet.
Dei ulike interessene Sophie har samanlikna med sin kommande ektemann, samt eit gryande vennskap med det mannlege barnebarnet til den gamle dama, er hennar romantiske raude tråd for filmen.
Letters to Juliet gjer ingenting uventa, men veit å ikkje overdrive for mykje eller gjere filmen til eit hastverk. På grunn av det solide arbeidet rangerer eg filmen som god, men ikkje topp. For å nå topp burde kunne eg tenke meg å byte ut nokon av skodespelarane, sjå filmen behandle ingrediensar og verkemiddel betre, eller i større grad vere si eiga greie.