
L!fe Happens
L!fe Happens passar dagen derpå. Han er enkel å følge og har eit konvensjonelt uttrykk. Det er ein romantisk komedie med ei ung åleinemor i hovudrollen.
Då mora møter ein fyr eit år etter fødselen seier ho ingenting om barnet sitt. Dette er den type film.
Filmen har ikkje all verda gåande for seg, men mindre gåande mot seg. Forutan eit kurant persongalleri er det små humoristiske stunder spreidd gjennom filmen. Klisjeane er der oftare, men dette kunne ha vore mykje verre.
Stefan S på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) er mindre nøgd med personane, men finn eit lyspunkt i dobbeltdaten der venninnene viser kor godt dei kjenner både styrkane og veikskapane til kvarandre. Det er slike små stunder eg får mest ut av også. Dei gjer ikkje historia mindre konvensjonell, men gir meg nok å smile av til at dette fungerer som enkel underhaldning.
Så eg likte i grunn filmen. Iallfall nok til å la det gå som gjennomsnittleg god underhaldning.
