Hopp til hovedinnhold
Plakat for License to Drive (1988)

License to Drive

Film
2

Corey Haim skal ta sertifikatet til bil, men feilar. Likevel blir det ei natt på byen i bestefaren sin Cadillac. License to Drive består av ei rekke dumme val som skapar mykje trøbbel for hovudrolla. Det er til å irritere seg grøn over å følge ein så dustete person.

Så glimtar filmen til med flott bilkøyring og nokon hårreisande stunt, som reddar han i frå å gruse seg sjølv fullstendig. Corey Haim beviser ingenting med skodespelet sitt her, og eg er spent på kor stor bløff han eigentleg var. License to Drive har iallfall lite å komme med forutan Corey Haim og Corey Feldman i lag.

Corey Haim er faktisk det beste ved filmen for Richard Winters på Scopophilia (scopophiliamovieblog.com). Han finn ein appell i hovudrolla som eg saknar, men er heller ikkje særleg imponert over humoren eller logikken i hendingane. Det viser kor mykje som står på om me likar selskapet me får gjennom denne natta. For meg er stunt og bilkøyring lettare å glede seg over enn dei stadig nye dumme vala.