Life Partners - Filmdagbok

Life Partners 2014

På rett plass til rett tid. Life Partners låg i synsfeltet på Netflix, og har blitt bladd forbi så mange gonger, at eg til slutt enda opp med å sjå han. Og det var i grunn heilt greitt.

Life Partners er ein romantisk komedie av det passe overflatiske slaget. Det er også ein vennekomedie, som tar utgangspunkt i to jenter og gode venner. Når eine av dei får seg type, endrar det dynamikken i duoen, og dette skapar grobotn for litt dramatikk.

Den ekstra dimensjonen til filmen, eventuelt det seriøse alibiet, er at ei av jentene er lesbisk. Det har ingenting med deira forhold å gjere, men tar ein del plass i filmen, noko som uansett berre skulle mangle da dette er ein romantisk komedie med to like viktige karakterar, som begge har sine liv.

Det handlar i grunn om å endre livssituasjon. Med seriøse forhold endrar tid, prioritering og vennskap seg, og dette er ikkje nødvendigvis ei stor greie for dei som er i forholdet, men dei som blir ståande igjen utanfor. Sånn blir Life Partners vinkla.

Mitt forhold til filmen oppsummert eg så enkelt innleiingsvis. Det er ein heilt grei film. Artig og lett. Verken tåpeleg eller irriterande. Nok av klisjear, men det er godkjent i mi bok så lenge det er ein metode for å få fram noko i samanheng.