Like a Boss er ein komedie som kunne ha blitt passe likandes, men som øydelegg det heile med meiningslaus rølp.
No er eg ikkje nødvendigvis i mot rølp, så det med at han er meiningslaus betyr eigentleg at han verken tilfører noko eller verkar truverdig. Det klaffar ikkje med nokon av karakterane i filmen å ha dei rølpete trekka. Så med andre ord så er ikkje manus heilt på plass.
Forutan eit dårleg forsøk på humor, så har Like a Boss greitt fått til å bli ei lettfortalt historie om eit vennepar, ein felles forretning og ei større bedrift som vil kjøpe opp denne. Temaet som står sterkast er vennskap. Sjølv om filmen med fordel kunne ha gjort meir ut av vennskapen, så evnar han å røre sovidt ein gong eller to. Så bak alt tullet, så verkar det som noko har tenkt dei gode tankane. Kor det gjekk feil i produksjonen, er ikkje godt å vite.