Like Father Like Son er ein kroppsytefilm frå ein tidsperiode som såg fleire filmar av denne type komme i løpet av få år. Big er kanskje den mest kjente, mens Vice Versa og min favoritt 18 Again! er hakket mindre kjent.
I denne filmen møter me Dudley Moore som far og lege, og Kirk Cameron som son og high school-elev. Ein spesiell drikk får dei til å byte kropp, og dei gjer sitt verste i situasjonane som oppstår.
Poenget med filmen er som i alle andre filmar av denne typen, å sette seg i ein annan sin situasjon og ta lærdom av det. Empati i fysisk manifestiert form for eksempel?
Denne filmen har ei passe mengde grei komedie, men det sit ikkje spesielt djupt. Heldigvis er det lite dødtid, så framdrifta i filmen er god nok. Berre mot slutten når filmen går mot ei obligatorisk oppklaring, ein konklusjon og ei formidling av lærdom mistar eg merksemda.
Av dei fire kroppsytefilmane eg no har sett frå 1987–1988, vil eg først og fremst anbefale 18 Again!. Big som har sin eigen vri av kroppbyte får ein trygg andreplass. Deretter følger Like Father Like Son og Vice Versa på sisteplass. Det finst andre liknande filmar frå både før og etter, men ei meir fullstendig liste som og uavhengig av år får bli ein annan gang.